Aina IvesdalAina Ivesdal er demenskoordinator i Sola kommune og kjenner at ho har eit svært kompetent og godt team av medarbeidarar og frivillige rundt seg. Demensomsorga i Sola er eit prioritert område og innbyggarane med demenssjukdom kan få ulike tenester og delta på mange arenaer. Men det er eitt område Aina gjerne skulle hatt fleire folk.
– Vi treng fleire aktivitetsvener! Det er fleire som gjerne skulle ha kome seg meir ut på ting og som treng nokon å vere i lag med. No arrangerer vi snart nytt kurs for aktivitetsvener og håper mange vil tenke på å bli med. Det er veldig givande, seier Ivesdal.
Karen Marie Jørgensen er ein av aktivitetsvenene i Sola. Mange kjenner henne kanskje igjen – ho har jobba på apotek heile sitt yrkesaktive liv.
Karen Marie Jørgensen– Eg hadde ein travel jobb og trefte mykje folk kvar dag. Då eg vart pensjonist, tenkte eg at dette kunne vere til nytte. Eg vil gjere noko meiningsfullt og vere noko for eit anna menneske. Å vere aktivitetsvenn har gitt meg veldig mykje, seier Jørgensen.
Ho var med på aktivitetsvenn-kurs og fekk etter det “tildelt” ein person ho skulle finne på kjekke ting med. Det har vore ei glede for begge partar.
– Veldig meiningsfullt. Eg ser at eg gjer stor nytte for personen. Ho blir glad når eg kjem, og då blir eg også glad! Det er ein vinn-vinn-situasjon!
KURS: Vil du vere aktivitetsvenn for ein person med demenssjukdom?
Tid: Måndag 4. mai klokka 10.00
Stad: Sola rådhus
Påmelding innan 28. april til britt.bjornestad.jakobsen@sola.kommune.no
Aktivitetsvennkurset er eit samarbeid mellom fleire kommunar og demensforeiningar.