Elisabeth vil gjere kreftpasientane tryggare

Å få ein kreftdiagnose kan vere overveldande og det er mange spørsmål som dukkar opp. Då kan Elisabeth vere god å ha for å sortere og koordinere.

Den nytilsette kreftkoordinatoren i Sola kommune, Elisabeth Hogstad Bjørsvik, er på plass.

– Eg følger opp alle typar kreftpasientar. Dei som nettopp har fått diagnosen, dei som har levd med kreft ei stund og dei som er i eit palliativt forløp. Også dei som er ferdig behandla og kreftfrie, men som slit med seinskader, kan eg hjelpe. Då kan det vere ulike former for oppfølging som opptrening eller bistand for å klare å kome tilbake i jobb, seier Elisabeth.

Elisabeth Hogstad Bjørsvik er tilsett som kreftkoordinator i Sola kommune.  Frå før har kommunen ein kreftsjukepleiar som hovudsakeleg jobbar i heimetenesta. Begge deler for at dei som har eller har hatt kreft skal ha ein så god kvardag som mogleg.

Med ein kreftdiagnose kan det følge med ein god del angst, stress og ein kan kjenne seg makteslaus. Berre det å vite kva som finst av hjelp eller å fylle ut ein søknad, kan kjennest som eit ork. Då kan kreftkoordinatoren kome og hjelpe.

Portrettbilde av kreftkoordinator Hogstad Bjørsvik - Klikk for stort bildeElisabeth Hogstad Bjørsvik er tilsett som kreftkoordinator i Sola kommune.

– Eg vil at alle skal kjenne seg tryggast mogleg. Jobben min er ofte samtalar og oppfølging. Mange har ein grad av angstproblematikk. Mange er uroa for å få dårlege nyheiter, at kreften skal ha utvikla seg mellom kontrollane. Andre engstar seg for å få tilbakefall. Eg er ikkje ein psykolog, men eg er ein kreftsjukepleiar med mange års erfaring både med operasjonar, cellegift og stråling. Eg har også jobba som kreftkoordinator i ein bydel i Oslo før eg kom til Sola. Så eg forstår difor godt den problematikken dei står i, både på sjukehuset og heime.

Elisabeths jobb er først og fremst å følge opp dei som ikkje allereie har tenester frå heimetenesta i kommunen. Dette kan ofte vere unge og/eller normalt heilt friske innbyggarar. Desse har eit stort behov for informasjon og nokon som kan navigere i eit ukjent landskap. Også i etterkant av ei behandling vil det ofte vere trong for kreftkoordinatoren.

– Då er det gjerne opptrening og rehabilitering. I dag har kreftbehandlinga kome langt og mange blir jo friske! Men vi erkjenne at det likevel har ein stor pris å gjennomgå. Både under behandlinga, men også biverknader og seinskader tek på. Mange har små barn som også skal takast vare på og det kan bli veldig mykje. Mange opplever det som ei stor krise i livet. Angst for tilbakefall og angst for å døy frå borna. Då er det godt med samtalar om korleis ein best handterer desse tankane, seier Elisabeth.

Du er sjukepleiar. I kor stor grad kan du svare på medisinske spørsmål?

– Eg kan svare på mykje. Journalsystemet til sjukehuset og det eg bruker, «snakkar saman», så eg har tilgang til all informasjon om behandlinga og vurderingane som er gjort, etter samtykke frå pasienten. Eg kan forklare kva legane har skrive og kva dette inneber, men eg skal ikkje gjere medisinske vurderingar. Eg kan svare på korleis dei ulike behandlingsmetodane fungerer reint praktisk og korleis biverknader eventuelt kan avhjelpast. Eg kan ha dialog med fastlegen eller kreftlegen for å diskutere løysingar på spørsmål pasienten har, og tek ikkje medisinske avgjerder åleine, forklarar Elisabeth.

Når kreften ikkje kan kurerast, er det mange som har eit ønske om å døy heime. For å få til det, må dei pårørande kjenne seg trygge på oppgåva.

– Eg sikrar då at dei pårørande har god nok informasjon og at sjukepleiarane som kjem på heimebesøk har den kunnskapen dei treng. På den måten er alle partar sikra at den siste tida heime blir så god og trygg som mogleg.

Elisabeth har jobba tett på kreftpasientar i åtte år no. Korleis klarer ho det, eigentleg?

– Det første året tok eg med meg alt heim. Tenkte og kverna på det eg hadde opplevd. Og det gjekk jo ikkje i lengda. Skal ein vere kreftsjukepleiar, må ein legge frå seg jobben når ein er ferdig for dagen. Ein er heilt nøydd til det, faktisk.

Men sjølv om det er mykje trist, er det samtidtig veldig mykje fint! Eg får lov til å bruke heile meg, i møte med andre menneske og det ser eg på som veldig verdifullt. Og ja, det er jo mange som døyr av kreft, men sjølv i dei tilfella er det godt å vere med på at dei fekk ei trygg avslutning som var både verdig og lindrande. Det er godt å oppleve at dei pårørande har opplevd at det avslutninga vart fin.

 Les meir om kreftkoordinator-tenesta i Sola kommune.