Sølvkransen fra Helge Andreas Rommetvedt

Helge Andreas Rommetvedt (1859-1903) blei heidra med sølvkrans som takk for sin innsats for fattigvesenet i Madla Sokn, Haaland Herred.

Forfatter: Karl Klingsheim

Helge Andreas Rommetvedt 

Helge Andreas Rommetvedt (1859-1903) kom til verda på Utsola (gnr 16 bnr 5), der Clarion Hotel Air ligg i dag. Han fekk utdanning på lærarseminariet på Stord, og i 1888 gifta han seg med Anna Mikalsdotter (1866-1957) frå Sande (gnr 33 bnr 4), næraste nabo til «Lensmannsgarden» og Sandetun (gnr 33 bnr 1). Huset der Anna vaks opp står ennå, attmed «Løå» rett bak Sola kyrkje.

I 1890 blei Helge tilsett som lærar i Madla-krinsen og kyrkjesongar i Madla-sokna. Dei flytte då inn i skulehuset på Madla, like ved skiftet med Revheim. I 1892 fekk Helge tildelt ein eigen gard på Revheim (gnr 39 bnr 19) som «lærarjord» og familien flytte dit.

I 1893 tok Helge initiativ til skiping av Hålands lærarlag. Alle lærarar og lærarinner i bygda melde seg inn, og Helge var formann i dei fem fyrste åra. I 1893 var det 499 elevar fordelt på Revheim og Tananger (5-delt); Sola, Stangeland og Håland (3-delt); Dysjaland og Røyneberg (2-delt); og Rott (udelt). Lærarlaget hadde stor innverknad på skuleframgangen etter den tid.

Helge Andreas Rommetvedt døydde i 1903, berre 43 år gamal. Skulestyret uttalte då «beklagelse over det tab som skolekommunen ved hans bortgang har lidt». Han gjorde òg stor innsats for fattigvesenet i Madla Sokn, og det var dette styret som heidra han med ein sølvkrans til gravferda. Slike kransar vart lagde på kista til personar som hadde tydd særleg mykje for eit lokalsamfunn. Skikken fantes i Norden i byrjinga av førre hundreåret, men var ikkje særleg utbredd etter som ein sølvkrans hadde ein kostnad tilsvarande fleire månadsløner den gong. Det var difor svært sjeldan ein privatperson blei slik ære til del.

 

Bildet forestiller to portretter. Det første er av Helge Andreas Rommetvedt, og det andre er av Anna Rommetvedt - Klikk for stort bildeHelge Andreas Rommetvedt og Anna Mikalsdotter

 

Foreldra til Helge Andreas Rommetvedt 

Foreldra til Helge var Anders Helgeson Rommetvedt (1836-1915) og Malena Halvorsdotter Grov (1837-1921). Dei kom frå Stord i 1858 og var dei første Rommetvedt’ane i Sola. Anders var òg seminarist frå Stord og på slutten av 1800-talet var han den mest framståande politikaren i Håland. Han var medlem av heradsstyret frå 1868, varaordførar i 12 år, ordførar i 21 år, formann i skulestyret, forlikskommissær, medlem av amtsutvalet, medlem av amtsskulestyret, oddemann i amtstinget og på ekstratinget i 1893. Dessutan «idethele indehade han efterhaanden alle de tillidsverv, som en kommune raader over».

Oversikt over barna til Helge og Anna Rommetvedt

  1. Anders (1891-1895) døydde ung.
  2. Magnus (1892-1928) gift med Martha Marie Eriksen (1891-1972). Meieristyrar. Barnebarn: Helge (1919-1993), Albert (1921-1978) og Åslaug (1924-1998).
  3. Halfdan (1894-1985) gift med Kaja Nybøen Ørnes (1893-1989). Bonde. Barnebarn: Helge (1921-1928), Tordis (1923-2017), Knut (1924-2007) og Helga (f.1933).
  4. Anders Martinius (1895-1895) døydde ung.
  5. Malena (1896-1985) ugift. Lærarinne.
  6. Arne (1897-1982) gift med Ellen Eriksen (1894-1951) i USA. Barnebarn: Esther (1921-1995), Betty (1923-2020) og Helga (1925-2015).
  7. Astrid (1899-1961) ugift. Lærarinne.
  8. Andreas (1900-1981) gift med Magdalena Dreyer (1919-1994) i Sør-Afrika. Barnebarn: Helge Andreas (1947-2023).
  9. Helga Anny (1901-1902) døydde ung.

 

Bildet er fra 1901 og viser 6 barn fra familien Rommetvedt - Klikk for stort bilde1901: Arne, Magnus og Halfdan Rommetvedt bakerst, med Malena, Astrid og Andreas framme.

 

Då Anna Rommetvedt blei enkje i 1903 måtte ho og dei 6 barna på 3-10 år ut av lærarbustaden på Revheim. Ho fekk då hjelp av bror sin Erik Sande (på bnr 4) og syskenbarnet Torvald Sande (på bnr 3) til å etablera seg i utmarka på Sande (bnr 10) – der det i dag er eit byggefelt mellom Åsenvegen og Skolevegen opp til Sola ungdomsskole. Dette var lenge før både folketrygd og NAV, men Stortinget administrerte ein eigen pensjonsordning for enkjer etter folkeskule-lærarar. I protokollen frå Stortingsforhandlinger 1903/1904 er namngitt 36 slike enkjer, inkludert Anna Rommetvedt i Håland som var «Uden formue og indtægt» med «Mandens tjenestetid» på 14 år. I tillegg til kr 200 i enkjepensjon fekk Anna difor kr 150 pr år som «Tillæg indtil yngste barns fyldte 18de aar».

Andreas Rommetvedt var yngst i barneflokken og han fekk tidleg ta i eit tak med nydyrking på Sande. Seinare utdanna han seg til elektrikar, og som mange andre på den tida såg han større moglegheiter i USA enn her heime. I 1925 reiste han til Twin Falls i Idaho, der både bror Arne, søskenbarn og onkel Anton Sande (1874-1954) heldt til. Han var tilbake på Sola ein periode, men reiste ut igjen i 1934. Mor hans sendte då med han sølvkransen som minne etter far sin. Han utdanna seg vidare til radiooperatør i USA og reiste til sjøs. Han mønstra av i Durban i Sør-Afrika i 1943 og tok seg jobb som elektrikar i gullgruvene i Johannesburg. Der gifta han seg med Magdalena Dreyer og busette seg i forstaden Springs.

Sølvkransens vei tilbake til Sola

Sonen deira, Helge Andreas Rommetvedt (1947-2023), ville heidra minnet etter farfar sin og bad om at sølvkransen måtte førast tilbake til Sola og teken vare på der. Ingen av Rommetvedt’ane på den sørlege halvkula har nokon gong vore i Norge, men fleire slektningar på Sola har vore på vitjing i Springs. Sølvkransen blei med eit oldebarn av Helge Andreas Rommetvedt tilbake til Sola i 2005 – etter 71 år i utlendigheit – og er no komen til heider og verdigheit på Sande

Bildet viser en sølvkrans og et kors i midten.  - Klikk for stort bildeSølvkransen til Helge Andreas RommetvedtBildet viser et sølvkors med tekst. Her står det blant anner H. Rommetvedt - Klikk for stort bildeSølvkorset til Helge Andreas Rommetvedt